Om Haukåsen

STADEN OG VERTSKAPET

Ein destinasjon med djupe røter

Verten Jomar Haukås sin familie har klora seg fast på Haukåsen sidan 1700-talet. Dei heldt ut og reiste ikkje til Amerika.

I dag er to av gardane fråflytte, men på den tredje er det framleis drift. Jord- og skogbruk er bytt ut med jakt og fiske, og vi tek imot gjester frå inn- og utland.

Haukåsen har lang erfaring med å skreddarsy eksklusive opphald - du får heile staden for deg sjølv.

Samle dine tilsette her

Nærleiken til flyplassen, og kort reisetid frå Oslo og Bergen gjer det ypparleg for bedrifter å bruke Haukåsen til styremøter, leiarsamlingar, kurs og blåturar. Her kan ein jobbe uforstyrra heile dagen, både innomhus og ute. 

Vi tilrettelegg for at du skal kunne kombinere jobb med naturnære opplevingar. Prøv fiskelukka i pausen og få fangsten tillaga til lunsj, eller middag.

Vi tek deg med på fjellturar i nærområdet eller konsert i stavkyrkja vår.

For deg og dine nære

Idyllisk og usjenert plassert, utgjer den historiske høgdegarden ei perle som verkeleg gjev sjelefred.

Samle din næraste og del opplevingar som blir til varige minner. Vi legg til rette for rekreasjon for deg som ønskjer å senkje skuldrane og nyte kortreiste måltid av beste sort.

Haukåsen har løyve til å jakte hjort i Sogns storslagne skogar og rike fjellvatn til eigen disposisjon.