Jakt

EKLSKLUSIV HJORTEJAKT

I uovertruffe jaktterreng

Om hausten kan du oppleve hjortejakta i dei majestetiske skogane på Kaupanger.

Det storslagne og varierte terrenget har mykje dyr og er lett tilgjengeleg via skogsvegen som strekkjer seg over fleire mil. 

Ei unik oppleving

Vi har spesialisert oss på smyg- og lokkejakt i oktober. Då er hjorten i brunst og ein høyrer bukkar som brøler – ei oppleving som kan få nakkehåra til å reise seg på dei fleste.

Spesielt om nettene er det eit yrande hjorteliv rundt garden på Haukåsen. Då kan du høyre bukkane brøle og slost like utanfor hytteveggen.